tirsdag 25. november 2008

Piagetskij




Piaget og Vygotskij er to av dei mest sentrale teoretikarane i dagens pedagogiske verd. Då eg las denne tabellen oppdaga eg at mange av mine eigne synspunkt var representerte, anten hjå Vygotskij eller Piaget, eller for den slags skuld hjå begge. I dette innlegget vil eg dra ut nokre av dei punkta som umiddelbart utmerka seg for min del, eg vil òg kort gjera greie for eigne synspunkt .

På det fyrste punktet hevdar Vygotskij at barns intellektuelle utvikling er sosiokulturellt betinga, eit samspel mellom individ og miljø. Dette er eit tema eg personleg tykkjer burde fått meir fokus enn det får i dag, dette skriv eg litt om i innlegget mitt ”pedagogisk grunnsyn”. Dersom eleven veks opp i eit utrygt miljø, der han/ho ikkje får dekka mange av behova sine (jmfr. Maslows behovspyramide), vert det særs vanskeleg for skulen å motivera/tilretteleggja for læring. Vidare ser eg at Piaget meiner at barnet tilpassar seg miljøet gradvis, dette er med på å understreka viktigheita av eit godt miljø.

Piaget haustar konstruktivistiske tankar om menneskelege relasjonar, han tykkjer at det gunstigaste for barn er jevnbyrdige relasjonar, der barna sjølv konstruerarar sin eigen kunnskap. Medan Vygotskij meinar at alle kan nå lenger med kyndig veiledning (mediering). Slik eg ser det heng desse to saman, ein kan nok raskare oppnå konkret kunnskap ved hjelp av mediering, men den induktive metoden er òg særs verdifull. Hadde til dømes Neil Armstrong vore i stand til å setje sine bein på månen utan at apparatet rundt han hadde nytta induktive metodar?

Vygotskij meiner at språket er den viktigaste reiskapen me menneske har for læring, Piaget legg liten vekt på språkets rolle i læring og utvikling, han meiner òg at tanken kjem før språket, medan Vygotskij meiner at språket kjem før tanken. Her må eg seia meg grunnleggjande samd med Vygotskij, korleis kan ein tenkja utan språk? Og korleis kan eg læra utan tankar? Språk kan jo sjølvsagd vera så mangt, eit smil er eit tydeleg døme på ansiktismimikkà språk. Ein kan nok òg seia at enkle ting lett kan lærast utan språk, som til dømes at det gjer vondt å slå ein stein mot foten sin. Ein kan jo sjølvsagd ikkje setje slike ord på det, utan språk, men ein gjer det nok mest sannsynleg ikkje igjen. Men å læra meir komplekse ting ser eg som problematisk utan språk, difor er eg samd med Vygotskij’s uttalelse om at språket er den viktigaste reiskapen menneska har.


5 kommentarer:

Aina sa...

Hei :)
Veldig intersserende innlegg må jeg si. Både Piaget og Vygotskij er viktige menn innenfor pedagogikken. Jeg syns det er bra du tar med tabellene om ulikhetene deres, men syns du snakket litt lite om det. Hva vil du si er hovedforskjellen mellom Piaget og Vygotskij?
Språket er det viktigst, for uten det ville vi ikke kunne kommunisert på denne måten. Men trur du språket har utviklet seg slik Vygoskij trudde? med tanken på sms språk og dialekter?

Steinar sa...

Interessant å lese dette om språk og det kognitive. Viss du tenkjer tilbake på det du gjorde i sommar, tenkjer du då i språk?

Just Ludvig Arnevik sa...

Noko som skil Vygotskij frå Piaget og omvendt er at Vygotskij har eit sosialt fokus, medan Piaget har større fokus på individet. Dersom eg skulle kalla noko for hovudforskjellen må det vera dette.

Vygotskij meiner at språket er eitt av dei aller viktigaste reiskapa me menneske nyttar, soleis trur eg utviklinga er i tråd med Vygoskijs tankar. Kan hende kan ein seie at språket gjennomgår ei effektivisering, parallellt med resten av samfunnet.


Eg hugsar godt ein fisketur frå i sommar. Me låg på dregg på valebråtet, snøret var på omtrent 200 meters djup. Målet var å hale ombord det eine uhyret etter det andre. Uhyra uteblei, men biletet av sola som går ned over mostralandet, og det speilblanke havet gløymer eg ikkje.

Dette er eit bilete frå i sommar som ligg godt lagra i det periodiske minnet. Eg treng ikkje språk for å hugse dette.

Men for å fortelje andre om det, treng eg språk. Og opplevinga på valebråtet var jo langt meir enn ein flott solnedgang og blikkstille hav. Me løyste nok opptil fleire verdsproblem, kaffien smaka godt ilag med Anthon Berg sjokoladen. Eg hugsar òg at lanternene forsvant midt på natta, og me måtte kalle opp ein lastebåt på VHF'en for å varsle han om at me var der.

Utan språk, ville eg hatt store problem med å hugse alt dette. Ikkje minst ville eg fått problem når eg skulle fortelje andre kva som hende.

Steinar sa...

Trur du har mykje rett i dei tankane der, det er nok i stor grad formidlinga til andre som krev språk. Isolert klarer du deg nok godt utan??

Just Ludvig Arnevik sa...

Eg var nok litt uklar i svaret mitt trur eg. Isolert sett trur eg at eg klarar fint å hugse fysiske bilete, som til dømes solnedgangen over mostralandet, utan språk. Men meir "abstrakte" ting vert vanskeleg, det vert òg vanskeleg å hugse kommunikasjon menneske imellom. Mest av alt vert dette vanskeleg sidan kommunikasjon menneske imellom er heilt avhengig av ei form for språk.

Språket og tanken er noko av det som skil menneska frå dyra. Kanskje kan ein seia at språket kjenneteiknar det kognitive menneske. Ifylgje Vygotskijs teoriar heiter det seg; "ingen språk, ingen tanke". (Fritt omformulert).

Dersom eg går utifrå at den kognitive evna vår er avhengig av eit språk, vil eg få store problem med å akkomodere kunnskap i isolasjon. Utan språk trur eg at eg ville blitt henvist til primal instinkta mine, kvardagen hadde dreidd seg stort sett om buskar, bær og råtnande dyrekadaver.

Kva kom først, språket, eller datamaskina?