fredag 17. oktober 2008

Behaviorisme i kvardagen

Då Steinar spurde om kor mange som hadde eit behavioristisk grunnsyn i klassa var det ikkje mange som retta opp handa. Det har gjentekne gonger vorte teke opp i klassa at det er viktig å ikkje avskriva behaviorismen som noko frå steinalderen som ikkje har plass eller verdi i dagens samfunn/skule. Eg er av den oppfatning at dei fleste grunnsyna har både positive og negative sider, så også behaviorismen. Eg tykkjer òg at det vil vera uheldig å fylgja eitt av dei ulike grunnsyna til punkt og prikke, uansett om det gjeld behaviorisme eller noko anna. Sjå berre for deg elevar påverka av ekstreme progressivistar, leikande, hoppande og på langferd i einsemd, skåna frå kulturen. (Rousseau, Frøbel)

Noko av det eg vil framheva frå behaviorismen som positivt og sentralt, er straff og belønning. (Skinner) Dette er noko som omgir oss i kvardagen om me vil eller ikkje. I kvardagen er me alle nøydd til å ta val. Det er ein kontinuerleg prosess, anten det dreier seg om særs trivielle ting som til dømes kva ein vel å leggja på brødet om morgonen, eller om det dreier seg om viktigare og meir alvorlege ting, er me alle nøydd til å ta val. Bak desse vala er det fleire faktorar som spelar inn på den endelege avgjersla, motivasjon er absolutt ein viktig faktor i denne prosessen. Som oftast vert me anten straffa eller belønna for dei vala me tek, om det vere seg viktige val, eller val av ein meir triviell art. Dette gjeld ikkje berre for skulen, men i kvart einaste val me tek.
Det er kan hende mykje å forventa at relativt unge elevar finn motivasjon for å gjera det som mange av dei oppfattar som kjedeleg skulearbeid ved hjelp av deira indre motivasjon. Dette er noko av grunnen til at eg tykkjer at straff og belønning systemet til Skinner kan vera til god hjelp i skulen.

fredag 10. oktober 2008

"Den gode læringsarena"

I siste pedagogikk økt på skulen fekk me høyra om Inge Eidsvåg og ”den gode lærar”. Dersom ein tek den gode lærar for gitt, kva skal då til for å skapa ein god læringsarena? Eller eventuelt kva skal til for å skapa ein dårleg læringsarena som konstant motarbeidar ”den gode lærar”?

Eg hugsar attende til mi eiga skuletid og dei ulike klasseromma eg vart ”utsett” for gjennom åra. Eit gjengangar med dei alle har vore at ingen av dei har vore sterile. Dei har vore dekorerte i ulik grad både med elevarbeid og diverse andre gjenstandar. På barneskulen såg klasserommet mest ut som eit leikerom, det var det jo i stor grad òg. Bamsar, klossar, teikningar og ting som me laga hang høgt og lågt. Etter kvart som åra gjekk, vart leikene og teikningane sakte men sikkert bytt ut med ting som til dømes plakatar og ulike elevarbeid. Til og med på vidaregåande hugsar eg at me hadde vårt eige klasserom der me meir eller mindre fekk styra og stella fritt. Me hadde både sofa og kaffitraktar, musikkanlegg var der òg.
Inntrykket eg sit att med frå desse klasseromma er hovudsakleg tryggleik og tilhørigheit, det vart både trygt og heimekjært å koma på skulen.

Kva er så skilnaden mellom ein god læringsarena og ein dårleg? Hadde inntrykket og erfaringa mi frå skulen vore den same om klasseromma eg var vande med, alle hadde vore strigla og sterile?

Eit godt klasserommiljø er utan tvil viktig, og kan nok heilt sikkert bidra til at læring finn stad.
Kva faktorar er det som spelar inn på om ein har ein god læringsarena eller ei?
Ein kan nemne faktorar som ikkje er så lett å gjera noko med, som til dømes plasseringa av skulen/rommet? Er det eit gamalt bygg med dei utfordringane det fører med seg? Utforminga av rommet, luftkvalitet osb. Dette er ting som vanskeleg lar seg utbetra, men er dei ein betingelse for å skapa ein god læringsarena? Nei, eg trur ikkje det, det finns mange døme på skular som får gode resultat utan å ha dei aller beste fysiske forutsetnadar. Til dømes Hauge skule, der praksisstudentar rapporterar om ein gamal og slitt skule med eit godt klasserommiljø.
Vert miljøet automatisk godt i klassa dersom ein heng opp teikningar, kosebamsar og elevarbeid over heile veggen? Det trur eg heller ikkje, noko av grunnen til at eg ser tilbake på ”mine” klasserom med den positive kjensla eg gjer, er den prosessen det var å dekorere rommet. Det var noko me som elevar fekk vera med å bestemma, det var mitt val om eg ville ta med meg Batman plakaten eller bilete av den raude Ferrarien. Dette trur eg er særskild viktig for å skapa ein god læringsarena, det må vera på elevanes premissar, sjølvsagd med visse grenser. På denne måten får elevane ikkje berre ei kjensle av tryggleik og eigarforhold, dei får òg ei oppleving av korleis klassedemokratiet fungerar, kva ska henga kor, kva skal takast med osb… Ein kan med andre ord seia at eg tykkjer det er viktig å ha fokus på sjølve prosessen når eit klasserom skal ”innreiast”.

Til sist eit lite ord for dagen; ”utan den gode lærar, treng ein ikkje den gode læringsarena.”

fredag 3. oktober 2008

Undervisningsplanlegging

Når me no skal ut i praksis att er det me sjølve som skal i elden, me kjem til å få ansvaret for gjennomføringa av opp til fleire timar. For at dette skal kunne gå best mogleg er det ein nødvendigheit at me har førebudd oss godt. Dette er særskild viktig no i byrjinga av lærarutdanninga vår, for å så tidleg som mogleg skapa ei forståing for prosessen det er å planleggja dei einskilde timane, dette er tross alt noko som kjem til å verta ein del av kvardagen vår som lærarar.

Undervisning kan ein seia er ”målretta, systematisk og planlagt arbeid for å leia elevar i læringsprosessen.” Ein planlegg undervisninga på fleire ulike nivå, som til dømes time, økt, tema, veke, periode osb. I fyrstninga vil nok fokuset og erfaringa vår liggja på planlegginga av einskilde timar og kan hende nokre økter. Eitt av dei hjelpemidla som er tilgjengeleg for oss er den didaktiske relasjonsmodellen ”Diamanten” vist på bilete under (Bjørndal og Lieberg 1978).

I denne modellen er det ikkje lagt vekt på dei eine kategorien føre den andre. Dei er alle like viktige og står i samanheng til einannan, dersom ein gjer forandringar i ein kategori vil det påverke dei andre (”wheels within wheels….”). Til dømes er det viktig at måla og innhaldet i undervisninga harmonerar med elevforutsetnadane for at læring skal kunne finne stad. Denne modellen viser kor mykje ein må ta omsyn til når ein skal planleggja eit undervinsingsopplegg.

Når eg no skal ta til å planleggja undervisninga sjølv, hovudsakleg med fokus på induktiv metode (med tanke på matte/ped oppgåva), vert dette først av alt ein verdifull læreprosess for meg. Med utgangspunkt i Bjørndal og Liebergs didaktiske relasjonsmodell når eg planlegg har eg ein slags mal å gå etter i planlegginga mi. Sjølv om alle kategoriane i "Diamanten" er likestilte vert det for meg naturleg å først ta greie på kva som er målet for undervisninga, dette kan eg tilegna meg med ved hjelp av øvingslærarar, læreplanar og tekstbøker. Då dette er gjort vil eg ha eit betre utgangspunkt for å "fylle ut" dei resterande kategoriane, det kan vera litt vanskeleg å seia noko om til dømes elevforutsetnadane når ein ikkje veit noko om målet. Eg ser fram til endt praksisperiode då eg kan kome med refleksjonar rundt korleis Bjørndal & Lieberg og deira didaktiske relasjonsmodell var å arbeide med i røynda. Til sjuande og sist vil nok diamanten verta til god hjelp for meg i planleggingsfasen.