mandag 10. november 2008

Kognitivisme og læringsstrategiar

Eg er diverre ein av mange studentar som kan skilta med mange dårlege læringsstrategiar, alt i frå å ikkje gjere noko i det heile, til å stormlese ei bok frå perm til perm på kort tid. Dette er heldigvis noko eg er klar over, og såleis har eg gjennom dei åra eg har studert, sakte men sikkert arbeidd meg ut av eit djupt hol, fullt av skumle læringsmetodar og betre og kjekkare alternativ enn skulearbeid, eg er i det minste på god veg. Difor var det særskild interessant og nyttig for meg å verta introdusert for kognitivismen i veka som var. Kognitivisme går i stor grad ut på teoriar rundt korleis hjernen vår fungerar, og korleis me best kan nytte kunnskapen vår til å tileigna oss meir kunnskap. (Fortald med eigne og korte ord)

Ein av dei teoriane me vart kjende med i førre veke var ”plasseringsteorien”. På kort tid skulle me hugse dei 14 største landområda i verda, i rett rekkefylgje sjølvsagd. Ved hjelp av å assosiere dei ulike landa med noko som likna på namnet, bisart er her eit nøkkelord, og så plassere ”landet” i rekkefylgje på ein kjend stad, som til dømes skulevegen, var dette overraskande lett. Etter å ha lese gjennom ”historia” ein gong sit den godt framleis. At det i ettertid er sådd tvil om kor korrekt rekkefylgja på landa var, får så vera, for meg vil denne rekkefylgja alltid vera rett! At denne metoden fungerte så godt som den gjorde er eit godt bevis på at læringsstrategiar er naudsynte, hadde det ikkje vore for denne enkle metoden ville det ha kravd betydeleg større innsats for å læra seg rekkefylgja.

I fylgje kognitivismen kan ein dele langtidshukommelsen i tre delar, der ein av delane er det episodiske og personlege minnet. Såleis kan ein seia at det kan vera ein fordel å ha/få eit personleg forhold til den fagkunnskapen ein ynskjer å plassera i langtidshukommelsen, for at den såleis skal kunna få eit langt opphald i hjernen vår, og kunna hentast fram ved behov. Her vil eg visa til det fyrste innlegget i bloggen min, der eg skriv om ein lærar eg hugsar godt. Det var midt i ein engelsktime læraren byrja å hoppa febrilsk opp og ned på kateteret, (jmf Steinar sitt forsøk på å letta frå pulten) etterfylgt av ein rask dusj av håret i klasseromsvasken. Eg kjem nok aldri til å gløyma korleis ein seier ”I am jumping on the table” og ”I am washing my hair in the sink”. Om denne læraren var bevisst kognitivismens teoriar i planleggingsfasen av denne timen, eller om vedkomande fekk det for seg nett der og då er uvisst, men sikkert er det at hendinga sit som spikra i langtidshukommelsen min.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Eg er enig med deg at dette med å lære ulike læringsstrategiar er særdeles viktig. Det er jo den beste hjelpa ein kan få gjennom studietida. Dette med metakognitiv tenkeing er jo supert. Du nemnar dette med epesodisk minne,og at kunnskapen lagra i denne vert eins personlege kunnskap, men kan ein ikkje få eit eige forhold til kunnskapen ein lagrar i det semantisk minne og?

Anders sin pedagogikkblogg sa...

God oppsumm. Ingrid, og ros for eit godt spørsmål! Trur Just fekk noko å tenkje på. Det er jo snakk om idealet her, det å få eit eigarforhold til det ein lærer. Det er ikkje noko ein kan seie ABRA-KA-DABRA til det! Patience, patience...

Steinar sa...

Flott at du trekkjer ei line tilbake til det du har skrive tidlegare- her demonstrerer du i praksis ein effektiv metakognitv strategi, altså å kople ny informasjon til det gamle!

Det er også ein god strategi å prøve å kople inn det episodiske minnet, men dette kan vere ei utfordring å få til i praksis. Her kjem ei utfordring til deg: Har du for eksempel nokre idear om korleis du praktisk kan gjere det i ein klasse, for eksempel når det gjeld algebra eller tyske verb???

Just Ludvig Arnevik sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Just Ludvig Arnevik sa...

Ja Anders, du fekk rett i det at eg no fekk noko å gruble på!
Eg er samd med deg Ingrid at ein godt kan ha eit personleg forhold til den kunnskapen ein har lagra i det semantiske minnet. Eg vil seia at eg har eit personleg forhold til mykje om det eg veit om til dømes Frp sin politikk, knytt opp mot mine eigne verdiar og haldningar. Men eg tolkar det dit hen at det er dei personlege opplevingane som vert lagra i det episodiske minnet, og sjølv om eg har eit personleg forhold til Frp sin politikk, treng eg ikkje ha ei personleg oppleving med den, dermed vert denne kunnskapen lagra i det semantiske minnet. Noko av det som skil det episodiske minnet frå det semantiske, er slik eg ser det akkurat personlege opplevingar. Sjølv om eg tykkjer at ein kan ha eit peronleg forhold til noko i den semantiske minnebanken, ser eg vanskeleg at ein kan lagra personlege opplevingar i akkurat denne banken, og vice versa. Og det er akkurat dette eg ser på som det episodiske minnets alfa omega. Læring er ikkje ABRA-KA-DABRA, det er eg heilt samd med Anders, men kan hende er opplevingar lagra i det episodiske minnet unntaket som bekreftar regelen? Må du arbeida tungt for å hugsa sist gong du var på ferie? Og kor ferda gjekk?
Den episodiske minnebanken ser eg òg som ein mykje tryggare, og enklare, plass å oppbevara minner enn den semantiske. Problemet er kan hende som Steinar skriv, korleis ein best kan nytte seg av det episodiske minnet i forhold til fagkunnskap?!

Eg likar utfordringa di Steinar, dette var som Ingrids spørsmål, noko å gruble på.

I algebra ser eg for at elevane må setjast i arbeid. Dersom målet er å til dømes finne ein algoritme for multiplikasjon, ser eg for meg eit tverrfagleg prosjekt matematikk/sløyd (kan hende ein noko uortodoks kombinasjon :)). Elevane kan få i oppgåve å setje saman til dømes eit bord, eller eit gjerde for denslags skuld. Etter arbeidet er sett igong og elevane har sett opp eit bein eller gjerdestolpe, alt etter som, kan dei få utfordringa: "kor mange spikar må til for å byggje ferdig bordet/gjerdet?" Då må elevane sjølve finne ein passande algoritme, når dei forhåpentlegvis finn den, får dei ros av læraren, og vips så er heile seansen sett inn i den episodiske minnebanken. Forhåpentlegvis.

Tyske verb er eg ikkje mykje stødig i, men kan hende er plasseringmetoden rett framgangsmåte her? Infinitiv kan ynskje velkomen ved døra, presens står i gangen og syslar med det presens syslar med... Osb...Osb.. Om ikkje anna kunne dette ha vore ein god måte å læra seg rekkefylgja av formene?!

Steinar sa...

Interessant tråd dette, den har etter kvart blitt ganske lang også, pga mange fornuftige resonnement! Prøv gjerne ut forslaga dine i praksis!

Just Ludvig Arnevik sa...

Eg ser storleg fram til neste praksisperiode, der eg lar ein armada av hytter og gjerder vera attende i kjølvatnet mitt! :D

Når det er sagt, var spørsmåla og kommentarane eg fekk engasjerande og kjekke å svara på! Det set eg pris på!