onsdag 6. mai 2009

Sosialisering i praksis

Dei siste vekene har temaet i pedagogikken vore sosialisering. Det eg legg i omgrepet sosialisering er blant anna korleis samfunnet bidreg til å forma oss, gjennom forventning, oppførsle, samt normar og reglar. Desse parametrane finn me i så godt som alle ulike deler av samfunnet, store og små, nære og fjerne. Slik eg tolkar omgrepet forventing i sosialiseringssamanheng byggjer det på at i ulike grupper i samfunnet er det konvensjonar for korleis ulike personar skal oppføra seg, korleis ein skal oppføra seg i enkelte situasjonar (jmf. Bussete dømet til Steinar), korleis andre skal oppføra seg osb. Ein kan altså seia at samfunnet, i alle ledd, legg føringar for korleis både samfunn og individ skal te seg.

I dette blogginnlegget vil eg setja fokus på korleis eg sjølv har opplevd resultatet/konsekvensen av ein årelang sosialiseringsprosess, der rolla mi som lærarstudent i praksis er i fokus. Eg vil presisera at eg i dette innlegget skriv om eigne erfaringar og oppfatningar.

Den siste praksisperioden var me alle samde om at var ei positiv oppleving som ga perspektiv til mykje av det me har hatt føre oss i klasserommet på HSH, me kjende oss òg godt mottekne og ivaretekne hjå dei ulike skulane. Sett bort frå alle desse positive erfaringane sit eg likevel att med kjensla av at noko kunne ha vore gjort annleis, på mange måtar tykkjer eg at heile praksis konseptet slik det er i dag er overmodent for revisjon.

Gjennom mange år har rolla som ”lærarstudent i praksis vorte forma”, lærarane på dei ulike høgskulane har teke del i forminga, likså praksislærarane, elevane, rektorane og ikkje minst studentane sjølve, samt resten av samfunnet har teke del i å skapa forventningar og leggja føringar for korleis praksis skal gå føre seg.

Sjølv om den praksisen eg har gjennomført i dette fyrste året mitt i lærarutdanninga har vore lærerik og spanande, sit eg likevel igjen med ei kjensle av at rolla mi som student i praksis er for ”kunstig”. Det eg meiner med dette er at me som studentar i for liten grad tek del i den eigentlege skulekvardagen, praksislærarane legg opp til undervisning i stor grad etter eigen modell, elevane forventar kake og brus og så snart det vert eit møte av ulikt slag vert me som studentar bortvist.

Eg veit diverre lite om korleis praksis er organisert på andre høgskular og skular i vårt langstrakte land, men slik det vert organisert på HSH er det ein grunnleggjande ”feil”: me er alt for mange studentar per praksisskule/klasse. Slik eg ser det kan dette vera mykje av grunnen til at eg i praksis kjende meg litt som ein ”leikelærar”. Ein skule med tilhøyrande rektor og øvingslærarar kan umogleg innlemma studentane i skulekvardagen på ein god måte når det er så mange studentar per elev som det er no?!

For å gjera praksisen best mogleg ser eg det som naudsynt at studentane vert fordelte over fleire praksisskular og i mykje mindre grupper, såleis trur eg det vert lettare for den einskilde skulen å integrera studentane i skulekvardagen enn slik det er i dag.

Med det fokuset samfunnet i dag set på kvalitet i lærarutdanninga tykkjer eg det er merkeleg at praksis og måten denne vert gjennomført på, ikkje får meir merksemd.