mandag 16. februar 2009

Betre sjølvbilete=betre prestasjon?

Korleis kan skulen på best mogleg måte bidra til å skapa betre sjølvbilete hjå elevane, og dermed betra prestasjonane deira? Er det i det heile samanheng mellom sjølvbilete og prestasjon?

Dette er kan hende ein noko ambisiøs problemstilling i eit lite blogginnlegg, men eg er sjølv ein av mange som er av den oppfatninga at sjølvbiletet vårt er ein sentral faktor i kva me menneske gjer, og korleis me gjer det. Bak alt frå den minste handling til dei meir gjennomtenkte vala ein gjer i livet, spelar måten me ser oss sjølve ei stor rolle. Her vil eg dra inn forsøket til Rosenthal, gjennomført i førre århundre. Resultatet av dette forsøket viste at dei elevane lærarane vart fortalde kom til å gjera det godt i framtida, faktisk gjorde det godt, dette var ei vilkårleg vald gruppe. Kvifor vart det slik? Truleg vart det slik grunna læraranes høg(are)e forventningar til dei aktuelle elevane, om dette ga utslag i at dei fekk undervisinga betre tilpassa seg sjølve, eller meir og betre hjelp frå læraren, eller om lærarane enkelt og greitt ga dei betre karakterar utan noko anna grunnlag enn ein forventning om betre prestasjon? I alle høve ser ein at forventinga står i fokus. Høgare forventningar til elevprestasjon, resulterte i høgare elevprestasjon.

Dersom ein (anteke)signifikant andre si forventning til eit individ gir resultat av denne karakteren, er det slik eg ser det stor grunn til å tru at eins eigne forventingar vil gi endå betre resultat. Betre sjølvbilete gjer altså betre prestasjon. Dersom ein tek utgangspunkt i dette, vert det viktig å setje fokus på å betra eleven sitt sjølvbilete. Diverre trur eg at dei aller fleste borna allereie har forma sitt sjølvbilete når dei kjem i skulealder, ut frå dei erfaringane dei har gjort seg i heimen og med vener. Såleis vert skulen sin jobb særs vanskeleg, å forandre eit allereie etablert sjølvbilete trur eg i dei aller fleste tilfelle er ein vanskeleg jobb. Men det er klart at det er framleis mange tiltak ein kan ta i dagens skule, sjølv om det er vanskeleg å endre eit sjølvbilete vil ikkje det seia at ein ikkje skal prøve, forhåpentlegvis vil ein ofte lukkast. Dagens læreplan (LK06) set vurdering i eit anna lys enn tidlegare, det er nå fokus på framovermeldingar, i staden for tilbakemeldingar. Dette trur eg er med å skape elevar med betre kjennskap til dei forventningar og mål som vert sett til dei, såleis trur eg elevane vil prestera betre, noko som igjen burde bidra til å betra sjølvbilete den enkelte eleven har. Ved hjelp av framovermeldingar kjem òg fokus på framtida, ikkje fortida.
Dagens pedagogar har i dag ein utfordrande kvardag, til forskjell frå den greske oldtidas pedagogar, som klarte seg med å fylgje borna til og frå skulen.

mandag 2. februar 2009

Konstruksjon & Design

Då me først fekk vite at me som var i praksis på Tjødnalio, skulle designe og konstruere framtidas skule, visste eg ikkje heilt kva dette innebar. Kva slag krav som ville bli stilt osb. Etter ein dag på formingsseksjonen, der Kjetil ga oss ein innføring i dei ulike dataprogramma me skulle nytte i designprosessen, var bruken av programma klarlagt, men sjølve oppgåveteksten opplevde me framleis noko diffus. Kva er framtidas skule? Er det i det heile eit fysisk bygg, eller er det eit nettbasert ”program” som matar elevane med kunnskap?

Me bestemte oss fort for at me her hadde eit godt høve til å designe og konstruere vår eigen draumeskule, der blant anna økonomi var ein utfordring me kunne leggje til side. Sjølv om me ikkje hadde økonomiske rammer å ta omsyn til i dette prosjektet, let ikkje andre utfordringar vente på seg, til dømes var ikkje min oppfatning av kva ein draumeskule tyder, alltid den same hjå dei andre gruppemedlemmene. Kompromiss vart inngått, og det vart fastsett kva skulen skulle innehalde før me satt i gang med skulens eksteriør. Prosessen der me fastsette innhaldet i skulen gjekk relativt fort og smertefritt føre seg, skulens utvendige design viste seg òg å vera ei sak me fort vart samde i. Ei papirskisse over korleis skulen skulle sjå ut, både utvendig og innvendig vart fort utarbeidd. Arbeidet med dei to dataprogramma der me teikna inventaret (SweetHome3d) og ein utvendig modell (GoogleSketchUp), gjekk i byrjinga føre seg i fellesskap. Me skjøna fort at dette var ein tidkrevjande prosess og valde å delegera dei ulike oppgåvene mellom oss, på denne tida vart òg felles loggskriving sett i gong. Grunna sjukdom var eg diverre ikkje tilstades i sjølve byggjeprosessen.

Manual, fagtekst og undervisingsopplegg vart utarbeidd i fellesskap i siste veka av prosjektet. I fagteksten fekk me høve til å greie meir ut om kva me hadde teke omsyn til då me designa skulen, både innvendig og utvendig. I utgangspunktet var vår draumeskule ein særs moderne skule, med både glastak og glasveggar av seinaste modell. Det var ikkje før i andre del av prosjektet, der me skulle skrive manual og fagtekst, at ideen om ein slags ”bondegårdskule” kom på banen. I ettertid ser eg at konseptet burde vore meir heilskapleg, vår moderne glasskule harmonerar kan hende ikkje særskild godt med hestar og kyr. At ideen ikkje vart tilpassa det allereie ”ferdige” prosjektet kan kanskje tilskrivast tidsnaud, då me berre hadde 1 veke til disposisjon til dei ulike delane av prosjektet. Ein kan òg seia at ideen om gard berre var ein skriven ide, og ikkje brakt til live fysisk, og hadde i så måte vore lett å utelate frå prosjektet.
Då prosjektarbeidet meir eller mindre var ferdigstilt, kom ideen om ein humoristisk avslutning på framsyninga, i form av ein bildeserie henta frå ”framtida”. Filmen vart med rette omtala som ein tullefilm, og burde nok i lik grad med ideen om bondegard vore meir gjennomtenkt, til dømes kunne filmen vore korta ned ein heil del.

Spent gjekk turen mot Tjødnalio skule torsdag 29. Januar. Korleis ville elevane reagere på undervisingsopplegget vårt? Ville dei like å designe draumerommet sitt i ei skoeske? To og to skulle dei fyrst bli samde om korleis det skulle sjå ut, så skulle dei teikne rommet. Fyrst når dette var gjort skulle dei setje i gang med ”bygginga”. Dette viste seg å vera stor suksess, elevane bobla over av engasjement. Nokre likte nok tanken på å sleppe engelsk og matematikk den dagen, men dei aller fleste verka oppglødde over oppdraget sitt. Motivasjon er nok eit nøkkelord i denne samanhengen, i forkant av prosjektet har øvingslærarane våre bidrege til å skapa forventningar hjå elevane. Nokre av elevane skilde seg ut med eit ekstra stort behov for merksemd, og spesielt motivasjon. For meg verka det som om desse elevane var usikre på korleis dei skulle gå fram, og usikre på om dei var i stand til å lage ei fin skoeske/draumerom. Aller helst var dei nok usikre på korleis dei skulle gå fram for å få laga skoeska i rett målestokk. Det var vanskeleg å få dei til i det heile å prøve, og til slutt fann eg det best å la dei lage rommet utan tanke på målestokk, for å behalde den vesle gleda dei hadde over å fysisk lage rommet. Alt i alt var dagen i praksis ei positiv oppleving med blide og nøgde elevar som ikkje eingong ville ta pause i friminutta. Resultatet vart tre hus, med bad, kjøken, stove og to soverom. Alle husa vart imponerande flotte med kreative løysingar, ei gruppe tok seg til og med tid til å polstre og kle sofaen dei hadde laga i papp.

Prosjektet i sin heilskap står for meg som ei lærerik oppleving, me som designa skular er nok ekstra heldige med tanke på alt me har lært om ting som må takast omsyn til når ein skal byggje skule, eit bygg som forhåpentlegvis vert vår framtidige arbeidsplass. Som Gry skreiv så fint på tavla i det vesle auditoriet, er utviklinga av den sosiale kompetansen ein av målsetnadane for lærarutdanninga. Slike prosjektarbeid i grupper ser eg som ein god måte å bidra til dette på, samhandling med andre menneske er jo noko av det viktigaste me som framtidige lærarar må vera budde på, viss ikkje det aller viktigaste. I så måte har dette prosjektet vore både lærerikt og kjekt.

På Tjødnalio vart elevane motiverte og førebudde lang tid i forvegen for det opplegget me som studentar skulle ha med dei ein dag. Kan hende treng me som studentar også motivering lang tid i forkant? Og at prosjektet med fordel kunne vore gjennomført på eit anna tidspunkt, slik at det vart høve til motivering og førebuing?