tirsdag 25. november 2008

Piagetskij




Piaget og Vygotskij er to av dei mest sentrale teoretikarane i dagens pedagogiske verd. Då eg las denne tabellen oppdaga eg at mange av mine eigne synspunkt var representerte, anten hjå Vygotskij eller Piaget, eller for den slags skuld hjå begge. I dette innlegget vil eg dra ut nokre av dei punkta som umiddelbart utmerka seg for min del, eg vil òg kort gjera greie for eigne synspunkt .

På det fyrste punktet hevdar Vygotskij at barns intellektuelle utvikling er sosiokulturellt betinga, eit samspel mellom individ og miljø. Dette er eit tema eg personleg tykkjer burde fått meir fokus enn det får i dag, dette skriv eg litt om i innlegget mitt ”pedagogisk grunnsyn”. Dersom eleven veks opp i eit utrygt miljø, der han/ho ikkje får dekka mange av behova sine (jmfr. Maslows behovspyramide), vert det særs vanskeleg for skulen å motivera/tilretteleggja for læring. Vidare ser eg at Piaget meiner at barnet tilpassar seg miljøet gradvis, dette er med på å understreka viktigheita av eit godt miljø.

Piaget haustar konstruktivistiske tankar om menneskelege relasjonar, han tykkjer at det gunstigaste for barn er jevnbyrdige relasjonar, der barna sjølv konstruerarar sin eigen kunnskap. Medan Vygotskij meinar at alle kan nå lenger med kyndig veiledning (mediering). Slik eg ser det heng desse to saman, ein kan nok raskare oppnå konkret kunnskap ved hjelp av mediering, men den induktive metoden er òg særs verdifull. Hadde til dømes Neil Armstrong vore i stand til å setje sine bein på månen utan at apparatet rundt han hadde nytta induktive metodar?

Vygotskij meiner at språket er den viktigaste reiskapen me menneske har for læring, Piaget legg liten vekt på språkets rolle i læring og utvikling, han meiner òg at tanken kjem før språket, medan Vygotskij meiner at språket kjem før tanken. Her må eg seia meg grunnleggjande samd med Vygotskij, korleis kan ein tenkja utan språk? Og korleis kan eg læra utan tankar? Språk kan jo sjølvsagd vera så mangt, eit smil er eit tydeleg døme på ansiktismimikkà språk. Ein kan nok òg seia at enkle ting lett kan lærast utan språk, som til dømes at det gjer vondt å slå ein stein mot foten sin. Ein kan jo sjølvsagd ikkje setje slike ord på det, utan språk, men ein gjer det nok mest sannsynleg ikkje igjen. Men å læra meir komplekse ting ser eg som problematisk utan språk, difor er eg samd med Vygotskij’s uttalelse om at språket er den viktigaste reiskapen menneska har.


søndag 16. november 2008

Kognitive skjema, assimilasjon og akkomodasjon

Ifølge Piaget er me frå fødselen av utstyrte med enkle automatiske sensomotoriske skjema, som til dømes sugerefleksen. Etter kvart som me vert eldre, utviklar me såkalla kognitive skjema. Det tyder at me har evna til å utarbeide skjema på bakgrunn av vår evne til å tenkja. Altså har me utvikla oss frå spedborn og unge born, som i fyrstninga berre har evna til å lage skjema på eigne fysiske erfaringar. Her kjem assimilasjon og akkomodasjon på bana.

Assimilasjon tyder å tilpasse verda til seg sjølv. Akkomodasjon tyder å tilpasse seg sjølv til verda. Når ein assimilerar ny kunnskap, forklarar ein nye fenomen ved hjelp av eksisterande skjema, i alle høve er det slik ifølge Piaget. Dette står i motsetnad til akkomodasjon, der ein forkastar eller reviderar gamle, og kan hende ukorrekte skjema, til fordel for nye, eller utvida versjonar av dei gamle.

I ein moden hjerne er dette ein kontinuerleg prosess, kvar dag gjer kvart einskilde menneske seg nye erfaringar, og dei aller fleste av oss er i stand til å akkomodere desse erfaringane. Med det same eg høyrer ordet ”akkomodere”, tenkjer eg på den engelske tydinga av verbet ” to accommodate”, som tyder ” å husa”. Eg tolkar det difor dit hen at når ein akkomoderar erfaringane, så husar ein dei. For å vera i stand til å husa dei, er det naudsynt å skjematisera dei, og knyta dei opp mot einannan, slik at ein betre kan dra nytta av dei.

mandag 10. november 2008

Kognitivisme og læringsstrategiar

Eg er diverre ein av mange studentar som kan skilta med mange dårlege læringsstrategiar, alt i frå å ikkje gjere noko i det heile, til å stormlese ei bok frå perm til perm på kort tid. Dette er heldigvis noko eg er klar over, og såleis har eg gjennom dei åra eg har studert, sakte men sikkert arbeidd meg ut av eit djupt hol, fullt av skumle læringsmetodar og betre og kjekkare alternativ enn skulearbeid, eg er i det minste på god veg. Difor var det særskild interessant og nyttig for meg å verta introdusert for kognitivismen i veka som var. Kognitivisme går i stor grad ut på teoriar rundt korleis hjernen vår fungerar, og korleis me best kan nytte kunnskapen vår til å tileigna oss meir kunnskap. (Fortald med eigne og korte ord)

Ein av dei teoriane me vart kjende med i førre veke var ”plasseringsteorien”. På kort tid skulle me hugse dei 14 største landområda i verda, i rett rekkefylgje sjølvsagd. Ved hjelp av å assosiere dei ulike landa med noko som likna på namnet, bisart er her eit nøkkelord, og så plassere ”landet” i rekkefylgje på ein kjend stad, som til dømes skulevegen, var dette overraskande lett. Etter å ha lese gjennom ”historia” ein gong sit den godt framleis. At det i ettertid er sådd tvil om kor korrekt rekkefylgja på landa var, får så vera, for meg vil denne rekkefylgja alltid vera rett! At denne metoden fungerte så godt som den gjorde er eit godt bevis på at læringsstrategiar er naudsynte, hadde det ikkje vore for denne enkle metoden ville det ha kravd betydeleg større innsats for å læra seg rekkefylgja.

I fylgje kognitivismen kan ein dele langtidshukommelsen i tre delar, der ein av delane er det episodiske og personlege minnet. Såleis kan ein seia at det kan vera ein fordel å ha/få eit personleg forhold til den fagkunnskapen ein ynskjer å plassera i langtidshukommelsen, for at den såleis skal kunna få eit langt opphald i hjernen vår, og kunna hentast fram ved behov. Her vil eg visa til det fyrste innlegget i bloggen min, der eg skriv om ein lærar eg hugsar godt. Det var midt i ein engelsktime læraren byrja å hoppa febrilsk opp og ned på kateteret, (jmf Steinar sitt forsøk på å letta frå pulten) etterfylgt av ein rask dusj av håret i klasseromsvasken. Eg kjem nok aldri til å gløyma korleis ein seier ”I am jumping on the table” og ”I am washing my hair in the sink”. Om denne læraren var bevisst kognitivismens teoriar i planleggingsfasen av denne timen, eller om vedkomande fekk det for seg nett der og då er uvisst, men sikkert er det at hendinga sit som spikra i langtidshukommelsen min.