søndag 16. november 2008

Kognitive skjema, assimilasjon og akkomodasjon

Ifølge Piaget er me frå fødselen av utstyrte med enkle automatiske sensomotoriske skjema, som til dømes sugerefleksen. Etter kvart som me vert eldre, utviklar me såkalla kognitive skjema. Det tyder at me har evna til å utarbeide skjema på bakgrunn av vår evne til å tenkja. Altså har me utvikla oss frå spedborn og unge born, som i fyrstninga berre har evna til å lage skjema på eigne fysiske erfaringar. Her kjem assimilasjon og akkomodasjon på bana.

Assimilasjon tyder å tilpasse verda til seg sjølv. Akkomodasjon tyder å tilpasse seg sjølv til verda. Når ein assimilerar ny kunnskap, forklarar ein nye fenomen ved hjelp av eksisterande skjema, i alle høve er det slik ifølge Piaget. Dette står i motsetnad til akkomodasjon, der ein forkastar eller reviderar gamle, og kan hende ukorrekte skjema, til fordel for nye, eller utvida versjonar av dei gamle.

I ein moden hjerne er dette ein kontinuerleg prosess, kvar dag gjer kvart einskilde menneske seg nye erfaringar, og dei aller fleste av oss er i stand til å akkomodere desse erfaringane. Med det same eg høyrer ordet ”akkomodere”, tenkjer eg på den engelske tydinga av verbet ” to accommodate”, som tyder ” å husa”. Eg tolkar det difor dit hen at når ein akkomoderar erfaringane, så husar ein dei. For å vera i stand til å husa dei, er det naudsynt å skjematisera dei, og knyta dei opp mot einannan, slik at ein betre kan dra nytta av dei.

5 kommentarer:

Borghild sa...

Kort og greit innlegg, som enkelt får frem det viktigste av hva vi lærte i timene i forrige time. Flott Just! :)
Hvordan ser kognitivistene på lærerens rolle i klasserommet? Og hvilke læringsstrategier ser kognitivistene på som "best"? Og hva bør unngås?

Steinar sa...

Interessant vinkling du har tar med akkomodere og "å huse". For meg må metaforen i større grad også innbefatte "radikal husing" i den forstand at ein må tilpasse huset, altså byggje om, før den nye gjesten/kunnskapen kjem inn??? Vil ikkje husing uten ombygging vere det samme som assimilasjon???

Just Ludvig Arnevik sa...

Steinar, eg ser absolutt kvifor du skriv det du skriv, då eg forfatta dette innlegget var eg nok i meir "søndagsmodus" enn godt var. Tanken bak "hus-metaforen" var nok å dra parallellar mellom kognitive skjema og akkomodasjon, mao at ein forutsetnad for at "gjesten" får innpass er at gjesten er prosessert ved hjelp av eit kognitivt skjema. Slik eg ser det kan ein dra parallellar mellom kognitive skjema og akkomodasjon (Plata på komfyren har same raudfargen som kosebamsen min, men sidan eg nett har kokt vatn på plata er ho nok ikkje særleg god å kose med). Samstundes kan ein dra parallellar mellom enklare mentale skjema og assimilasjon (dette endar kan hende med brannsår?).

Just Ludvig Arnevik sa...

Borghild, kognitivismen ser i stor grad på kunnskap som noko som kan overførast frå eitt individ til eit anna. I så måte vert nok lærarens rolle sentral i ein undervisningssituasjon, med tanke på korleis ein best kan strukturere og tilretteleggje stoffet.
Som namnet antydar, er kognitivismen opptekne av korleis hjernen vår fungerer, og korleis ein kan arbeide på ein fornuftig måte i forhold til den kunnskapen ein vil tileigna seg. Her er det lagt stor vekt på ulike hukommelsesstrategiar i kognitivismen. Til dømes var det her me vart kjende med "plasseringsmetoden", som i alle høve eg syntest var ein flott måte å læra seg konkrete ting på.

Steinar sa...

Då trur eg me er ganske så einige omkring "husemetaforen"!