tirsdag 2. desember 2008

Kreativitet – hjernens beste ven

Dette blogginnlegget vert ikkje av den mest faglege sorten, kan hende vert eg til og med oppmoda om å skrive eit nytt eit, med større fagleg innhald. Men eg vel likevel å skrive om det eg skal skrive om, det er vel i grunn mest ei forteljing. Ei forteljing om kreativitet, då Åshild snakka om dette med kreativitet i timen kom akkurat denne forteljinga til meg.

Ein varm sumarsdag for ganske lenge sidan, var det tre gutar, eller eigentleg var det tre unge menn. Dei kunne alle både køyre bil og drikke øl, to av dei kunne til og med drikke brennevin. Men tenkje seg til, denne sumarsdagen keia dei seg. Det var trykkjande varmt ute, det hadde det vore ganske lenge. Denne dagen freista verken vasski eller grilling, sumaren hadde vore så fin at vasski og grill kvoten var liksom full, og vel så det. Nei, denne dagen skulle fyllast med noko anna enn vasski og grilling, i dag skulle dei verkeleg gjera noko artig. Dei byrja med å tenna seg ein røyk. Det hadde dei gjort mange gangar før, det var kanskje ikkje akkurat dette dei skulle gjere resten av dagen.
”Eg veit det, me byggjer ein paraglidar.” Bryt den eine guten ut, mest for å vera morosam, kva visste vel dei om å byggja paraglidarar? ”Ja, kan skjøna me skal byggja paraglidar, me skal flakse høgt over badestranda, ilag med alle fuglane, det vert saker det”. Seier dei to andre gutane i kor, dei verka mest oppglødde.
Dei tre gutane sette i gang prosessen med det same, dei måtte sjølvsagd ha seg ein røyk, planlegging var jo viktig. Då treng ein røyk.
Kva treng ein eigentleg for å byggja paraglidar? Ein paraglidar er nemleg omtrent som ein fallskjerm, som ein heng etter ein båt. Og der heng du, flaksande høgt over sjøen, ilag med fuglane. Du treng noko som liknar ein fallskjerm, samt ein heil bråte med tau. Stort meir enn det kunne det vel ikkje vera?
Gutane sette altså i gang, gamle morkne presseningar vart forkasta til fordel for litt nyare og mindre morkne. Tau var det rikeleg med. Dei vart fort samde om at her var det berre å setja i gong, det tauet skulle vera der, og litt lenger enn det andre. Så måtte festa i presseninga forsterkast, dei måtte skjera litt her og der, hol til lufta i midten måtte det vera, det var klart. Ei stroppe egna seg ypparleg til å festa ”ekvipasjen” til redningsvesten den heldige forsøkskanina skulle få på seg.

Då var det meste klart til take off, prosjektet hadde etter kvart samla andre unge menn som keia seg i nabolaget. No vart heile stasen finsleg pakka saman, og frakta ned til båthamna, i kortesje, tida var klar for prøvefyking. Sjeldan har eg sett så mange smil i hamna som denne dagen, det er kan hende ikkje så merkeleg. Synet av ein ung herremann springa bortetter parkeringsplassen med ein halvsliten pressening flaksande bak seg, hadde nok fått fram smilet i dei fleste. Etter tre forsøk vart det konstatert løft, dette kunne ikkje gå andre vegar enn rett opp. Ut på brygga bar det, ”glidaren” skulle haldast oppe, medan forsøkskanina sprang utetter bryggja, og slepebåten ga full pedal. Akkompagnert av høglydt latter frå publikum i hamna enda heile stasen i sjøen, i ei salig floke. Stemninga i hamna var mildt sagt god.

Etter timevis med forsøk, der blant anna to båtar, høge kaiar og hopp var med på leiken, enda det heile med at redningsvesten, som proklamerte å tola 60kg, rauk. ”Paraglidaren” vart fint plassert i boset, og gutane sovna den natta med eit smil.

Dei visste nok alle tre gutane at dagen neppe kom til å innehalda verken høge svev elle lengre samtalar med måkane. Men denne dagen kjem me aldri til å gløyma, eg hugsar attende til dette med eit einaste stort smil.

Kreativiteten er noko av det eg set aller størst pris på her i livet, kan hende ikkje kreativiteten i seg sjølv, men alle kjenslene og minna den ber med seg.
Steinar uttalte ein gong at ”dersom gløymsle er hjernens verste fiende, er kan hende kreativitet dens beste ven?”

Eg kunne ikkje ha sagt meg meir einig i denne uttalinga.

2 kommentarer:

Tina Totland sa...

Hei Just:-)
Dette var ein kjempe artig historie, som verkeleg fekk meg til å flire:-)
Eg tykkjer absoultt den har samanheng med pensumet, då den viser eit veldig godt døme på ein ekstrem kreativ gjeng, og eit minne som festa seg godt:-)
Eg og er heilt einige i det steinar sa. Å vera kreativ og verkeleg oppleve å skape noko, gir ikkje noko anna kjennsle enn glede:-)
Eg tykkjar at du skriv kjempe bra Just;-)

Just Ludvig Arnevik sa...

Hei Tina, og takk for gode ord! :D

Orsak den forseinka tilbakemeldinga,hovudet til unge Arnevik har vore fullt av eksamensoppgåver og andre eksamenar den siste tida.

Sjølv om eg tykkjer at kreativitet er ein særs viktig faktor å "ha med" i planlegging og gjennomføring av undervisningsopplegg, ser eg at å vera kreativ på "kommando" kvar einaste dag kan vera krevjande.

Difor må me øve! :D