fredag 17. oktober 2008

Behaviorisme i kvardagen

Då Steinar spurde om kor mange som hadde eit behavioristisk grunnsyn i klassa var det ikkje mange som retta opp handa. Det har gjentekne gonger vorte teke opp i klassa at det er viktig å ikkje avskriva behaviorismen som noko frå steinalderen som ikkje har plass eller verdi i dagens samfunn/skule. Eg er av den oppfatning at dei fleste grunnsyna har både positive og negative sider, så også behaviorismen. Eg tykkjer òg at det vil vera uheldig å fylgja eitt av dei ulike grunnsyna til punkt og prikke, uansett om det gjeld behaviorisme eller noko anna. Sjå berre for deg elevar påverka av ekstreme progressivistar, leikande, hoppande og på langferd i einsemd, skåna frå kulturen. (Rousseau, Frøbel)

Noko av det eg vil framheva frå behaviorismen som positivt og sentralt, er straff og belønning. (Skinner) Dette er noko som omgir oss i kvardagen om me vil eller ikkje. I kvardagen er me alle nøydd til å ta val. Det er ein kontinuerleg prosess, anten det dreier seg om særs trivielle ting som til dømes kva ein vel å leggja på brødet om morgonen, eller om det dreier seg om viktigare og meir alvorlege ting, er me alle nøydd til å ta val. Bak desse vala er det fleire faktorar som spelar inn på den endelege avgjersla, motivasjon er absolutt ein viktig faktor i denne prosessen. Som oftast vert me anten straffa eller belønna for dei vala me tek, om det vere seg viktige val, eller val av ein meir triviell art. Dette gjeld ikkje berre for skulen, men i kvart einaste val me tek.
Det er kan hende mykje å forventa at relativt unge elevar finn motivasjon for å gjera det som mange av dei oppfattar som kjedeleg skulearbeid ved hjelp av deira indre motivasjon. Dette er noko av grunnen til at eg tykkjer at straff og belønning systemet til Skinner kan vera til god hjelp i skulen.

1 kommentar:

Steinar sa...

Hei!

Eg er heilt einig i at det ofte er vel optimistisk å tru at unge elevar skal vere indre motivert til å lære om ting dei aldri har høyrt om eller ikkje finn interessant i det heile, så ytre belønningar kan her klart ha sin plass.