fredag 3. oktober 2008

Undervisningsplanlegging

Når me no skal ut i praksis att er det me sjølve som skal i elden, me kjem til å få ansvaret for gjennomføringa av opp til fleire timar. For at dette skal kunne gå best mogleg er det ein nødvendigheit at me har førebudd oss godt. Dette er særskild viktig no i byrjinga av lærarutdanninga vår, for å så tidleg som mogleg skapa ei forståing for prosessen det er å planleggja dei einskilde timane, dette er tross alt noko som kjem til å verta ein del av kvardagen vår som lærarar.

Undervisning kan ein seia er ”målretta, systematisk og planlagt arbeid for å leia elevar i læringsprosessen.” Ein planlegg undervisninga på fleire ulike nivå, som til dømes time, økt, tema, veke, periode osb. I fyrstninga vil nok fokuset og erfaringa vår liggja på planlegginga av einskilde timar og kan hende nokre økter. Eitt av dei hjelpemidla som er tilgjengeleg for oss er den didaktiske relasjonsmodellen ”Diamanten” vist på bilete under (Bjørndal og Lieberg 1978).

I denne modellen er det ikkje lagt vekt på dei eine kategorien føre den andre. Dei er alle like viktige og står i samanheng til einannan, dersom ein gjer forandringar i ein kategori vil det påverke dei andre (”wheels within wheels….”). Til dømes er det viktig at måla og innhaldet i undervisninga harmonerar med elevforutsetnadane for at læring skal kunne finne stad. Denne modellen viser kor mykje ein må ta omsyn til når ein skal planleggja eit undervinsingsopplegg.

Når eg no skal ta til å planleggja undervisninga sjølv, hovudsakleg med fokus på induktiv metode (med tanke på matte/ped oppgåva), vert dette først av alt ein verdifull læreprosess for meg. Med utgangspunkt i Bjørndal og Liebergs didaktiske relasjonsmodell når eg planlegg har eg ein slags mal å gå etter i planlegginga mi. Sjølv om alle kategoriane i "Diamanten" er likestilte vert det for meg naturleg å først ta greie på kva som er målet for undervisninga, dette kan eg tilegna meg med ved hjelp av øvingslærarar, læreplanar og tekstbøker. Då dette er gjort vil eg ha eit betre utgangspunkt for å "fylle ut" dei resterande kategoriane, det kan vera litt vanskeleg å seia noko om til dømes elevforutsetnadane når ein ikkje veit noko om målet. Eg ser fram til endt praksisperiode då eg kan kome med refleksjonar rundt korleis Bjørndal & Lieberg og deira didaktiske relasjonsmodell var å arbeide med i røynda. Til sjuande og sist vil nok diamanten verta til god hjelp for meg i planleggingsfasen.

4 kommentarer:

Steinar sa...

Ja, eg er einin gi at det er lurt å ta utgangspunkt i målformuleringar, det er heilt i tråd med LK06.

Har du formeining om kva kategori du deretter vil sjå på under planlegginga av den kommande matematikkøkta?

Just Ludvig Arnevik sa...

Det vert nok naturleg for meg å ta stilling til elevforutsetnadane etter dette. Det hjelp lite om til dømes læringsaktivitetane er aldri så gode om ikkje elevane har forutsetnad for å forstå det dei handlar om. Nest etter dette kan nok òg rammefaktorane stikka salige kjeppar i hjula for ei ellers godt førebudd økt. Innhaldet i undervisninga kan òg vera avgjerande for kva slags læringsaktivitetar som vert velde. Eit godt døme på at det ikkje alltid treng vera slik er den kommande matematikkøkta der fokuset skal vera på induktiv metode, då er læringsaktivitetane allereie fastsett før innhaldet.

Ein kan nok seie at eg er einig med Bjørndal & Lieberg om at alle kategoriane er like viktige, men at eg likevel som regel tek for meg dei ulike kategoriane i prioritert rekkefølge.

REUNION 2011 sa...

Dette var bra, Just! Du viser forståelse for modellen, og har selv kommentert i hvilken retning det for deg vil bli naturlig å starte, nemlig med målet for undervisningen. Dersom vi ikke har klart for oss hvilke mål vi har for undervisningen, kan vi bruke metoder og idelle, lærestoff som kanskje er av det mindre viktige, i tillegg til at det blir vanskelig i ettertid å se om vi så eventuelt har fått noe ut av det hele.

Du har svart godt på spørsmålet til Steinar, et spørsmål som det også for meg ville være naturlig å stille etter å ha lest innlegget ditt. Men, vil du forholde deg til denne modellen på samme måte på tvers av fagene, eller vil du gjøre endringer etter fagene du skal undevise i?

Godt og fyldig innlegg! Fortsett slik!

Just Ludvig Arnevik sa...

Takk for tilbakemeldinga Kjersti!

Dersom eg vel å nytta denne modellen i undervisningsplanlegging, vil eg nok som regel nytta han stort sett på same måte som nemnd. Når det er sagt tykkjer eg det alltid er viktig å "ha eit ope sinn", det finns få reglar utan unntak, slik er det nok i dette tilfellet òg. Det kan fort få negative konsekvensar om ein stivheld på eigne konvensjonar i tjukt og tynt.