torsdag 25. september 2008

Pedagogisk grunnsyn

Mitt pedagogiske grunnsyn minnar kan hende mest om eit tre med mange røter som strekkjer seg ulike vegar. Dette er eg nok ikkje aleine om å meine, det er som kjend ikkje eit einaste tre eller menneske som er heilt likt det neste. ”Pedagogisk grunnsyn er dei ideane og oppfatningane som ligg i botn for dine pedagogiske handlingar.” Eg har endå så lite kjennskap til dei ulike grunnsyna at det vert vanskeleg for meg å vera samd i eit enkelt, eg tykkjer dei alle har mykje fornuftig å fara med. Men når eg tenkjer på kva pedagogisk grunnsyn tyder, trekkjer eg straks parallellar til ei verd utafor den pedagogiske, ei verd der eg ikkje veit kva pedagogisk grunnsyn tyder. Eit pedagogisk grunnsyn er ein filosofi som ligg til grunn for dei handlingane ein vel å gjera, mykje det same kan seiast om verdiar og haldningar elles i livet, og slike har eg jo frå før. Det er med erfaringa, haldningane og verdiane eg har frå verda før dette blogg innlegget eg er i stand til å i det heile danna meg eit vagt pedagogisk grunnsyn.

Dersom eg spør meg sjølv korleis ein best kan læra på skulen, lyt eg først svara på kva ein skal læra og kvifor ein skal læra, særskild det siste spørsmålet vil eg tru har stor innverknad på svaret på det første. Er skulen til for den einskilde eleven? Eller er skulen til for å oppretthalda det velstandsamfunnet me i dag er blitt vande med? Svaret på dette er vel neppe enten eller, det eine må ein ha for å få det andre. Det er vel kan hende difor mitt eige vage pedagogiske grunnsyn ber preg av at eg har henta idear frå dei ulike retningane. Blant anna tykkjer eg at behaviorismen sitt straff og belønning system (Skinner) kan vera verdt å vektleggja i skulen. Dette med straff og belønning er jo i stor grad med å påverke oss menneske i dagleglivet, mange av dei handlingane me gjer er egoistiske, me gjer dei dersom/sidan me får ei form for belønning. Behaviorismen meiner òg at menneske er forma av miljøet dei lev i, dette tykkjer eg i stor grad er sanninga. Eit konsekvens av dette kan vera auka fokus på å betra miljøet, både på skulen, i heimen og elles i samfunnet. Kan hende kan dette samanliknast med det økologiske/system perspektivet, og Brofenbrenner sin modell der alt i eit samfunn heng saman, dersom eitt ledd i samfunnet vert råka, vert resten råka. Difor kan ein seia at dette perspektivet òg kan hende har eit auka fokus på eit bra miljø. Dette er i tråd med mine eigne meiningar om at skulen i dag har fått for mykje av det oppdragar ansvaret heimen og samfunnet elles burde ta meir del i.
Eg kan berre konkludera med at det er mange ting eg kjenner meg att i hjå dei ulike perspektiva, og eg ser storleg fram til å læra både dei, samt meg sjølv betre å kjenna.

2 kommentarer:

Steinar sa...

Du trekkjer fram interessante refleksjonar frå verda utanom skulen, som i tillegg til teori, heilt klart er relevant i prosessen med å utvikle sitt eige pedagogiske grunnsyn.

I kva for ein retning, tradisjonalismen eller progressivismen, føler du at du høyrer best heime, og kvifor?

Just Ludvig Arnevik sa...

Orsak den heller treige tilbakemeldinga mi! Dette er noko eg må skjerpa meg på!

Som eg nemner i innlegget mitt har eg nok ein fot i båe leirar, og det er eit vanskeleg spørsmål du kjem med.
Når det er sagt kjenner eg at eg er meir samd med Aristoteles når han seier at "barnet er ein leirklump som må formast", enn eg er med Sokrates som seier at "du har kunnskapen inni deg, eg kan hjelpa til å forløysa han". Såleis kan ein nok seia at eg har størsteparten av foten i leiren til Aristoteles og andre kultursentrerte tenkjarar. Samstundes er eg overtydd om at progressivismen er inne på noko når dei snakkar om elevaktivitet og oppdagelse.

Nei det var ikkje enkelt dette. Kan hende eg kan seie at eg tykkjer at staten bør ha eit tradisjonalistisk syn på skulen, medan eg som lærar bør ha fleire element frå progressivismen, der eg er meir oppmerksam på den enkelte elev?! For det er eg ikkje i tvil om, det er utruleg viktig å sjå og ta vare på den enkelte elev!

Ja, det var i alle høve noko eg ikkje var i tvil om! :)