fredag 10. oktober 2008

"Den gode læringsarena"

I siste pedagogikk økt på skulen fekk me høyra om Inge Eidsvåg og ”den gode lærar”. Dersom ein tek den gode lærar for gitt, kva skal då til for å skapa ein god læringsarena? Eller eventuelt kva skal til for å skapa ein dårleg læringsarena som konstant motarbeidar ”den gode lærar”?

Eg hugsar attende til mi eiga skuletid og dei ulike klasseromma eg vart ”utsett” for gjennom åra. Eit gjengangar med dei alle har vore at ingen av dei har vore sterile. Dei har vore dekorerte i ulik grad både med elevarbeid og diverse andre gjenstandar. På barneskulen såg klasserommet mest ut som eit leikerom, det var det jo i stor grad òg. Bamsar, klossar, teikningar og ting som me laga hang høgt og lågt. Etter kvart som åra gjekk, vart leikene og teikningane sakte men sikkert bytt ut med ting som til dømes plakatar og ulike elevarbeid. Til og med på vidaregåande hugsar eg at me hadde vårt eige klasserom der me meir eller mindre fekk styra og stella fritt. Me hadde både sofa og kaffitraktar, musikkanlegg var der òg.
Inntrykket eg sit att med frå desse klasseromma er hovudsakleg tryggleik og tilhørigheit, det vart både trygt og heimekjært å koma på skulen.

Kva er så skilnaden mellom ein god læringsarena og ein dårleg? Hadde inntrykket og erfaringa mi frå skulen vore den same om klasseromma eg var vande med, alle hadde vore strigla og sterile?

Eit godt klasserommiljø er utan tvil viktig, og kan nok heilt sikkert bidra til at læring finn stad.
Kva faktorar er det som spelar inn på om ein har ein god læringsarena eller ei?
Ein kan nemne faktorar som ikkje er så lett å gjera noko med, som til dømes plasseringa av skulen/rommet? Er det eit gamalt bygg med dei utfordringane det fører med seg? Utforminga av rommet, luftkvalitet osb. Dette er ting som vanskeleg lar seg utbetra, men er dei ein betingelse for å skapa ein god læringsarena? Nei, eg trur ikkje det, det finns mange døme på skular som får gode resultat utan å ha dei aller beste fysiske forutsetnadar. Til dømes Hauge skule, der praksisstudentar rapporterar om ein gamal og slitt skule med eit godt klasserommiljø.
Vert miljøet automatisk godt i klassa dersom ein heng opp teikningar, kosebamsar og elevarbeid over heile veggen? Det trur eg heller ikkje, noko av grunnen til at eg ser tilbake på ”mine” klasserom med den positive kjensla eg gjer, er den prosessen det var å dekorere rommet. Det var noko me som elevar fekk vera med å bestemma, det var mitt val om eg ville ta med meg Batman plakaten eller bilete av den raude Ferrarien. Dette trur eg er særskild viktig for å skapa ein god læringsarena, det må vera på elevanes premissar, sjølvsagd med visse grenser. På denne måten får elevane ikkje berre ei kjensle av tryggleik og eigarforhold, dei får òg ei oppleving av korleis klassedemokratiet fungerar, kva ska henga kor, kva skal takast med osb… Ein kan med andre ord seia at eg tykkjer det er viktig å ha fokus på sjølve prosessen når eit klasserom skal ”innreiast”.

Til sist eit lite ord for dagen; ”utan den gode lærar, treng ein ikkje den gode læringsarena.”

3 kommentarer:

Ole Johannes sa...

Hei Just! Må sei eg er veldig enig med deg når det gjeld detta me å dekorera klasserommet. At elevane får vera med på den prosessen, å få den følesen av at dette er vårt rom, at her har me det som me sjøl vil ha det. Man får då som du seie eit eigarforhold til rommet sitt, og kanskje kvar sin pult om man har dekorert området rundt elle til dømes skilleveggane. Kjenner meg igjen der for å sei det sånn:)

Just Ludvig Arnevik sa...

Takk for kommentaren! :D

Eg hugsar som sagt attende til eigne erfaringar frå klasserommet med eit smil, og ser fram til å i framtida dekorera mangt eit klasserom!

Steinar sa...

Sitat Just: "utan den gode lærar, treng ein ikkje den gode læringsarena" - dette har du heilt rett i, den gode lærar kjem først!