torsdag 11. september 2008

Den "fyrste god morgon"

No er tida komen, endeleg skal eg få koma ut i skulen og prøva meg. Eller i alle høve sjå nokon andre gjera det, det er jo fyrst og fremst ein observasjonspraksis me no skal ut i. Dette både gruar og gler eg meg til.

Då eg tok grunnfag musikk ifjor, hadde me noko som vart kalla "praksisrelatert prosjekt". Gjennom ein to vekers periode skulle me lage ei slags musikalsk førestilling med to tredje klassar, me skulle dramatisere barneboka "Heavykatten", skriven av Roar Kaldestad. Desse to vekene var prega av mykje planlegging, og lite tid med elevane, litt for lite tid diverre. Forfattaren var sjølv med, både under planlegginga og framsyninga. Desse to vekene var for meg særs spanande og lærerike. Sjølv om tida me fekk med elevane var begrensa, var dette noko som ga meirsmak. Dessutan vart resultatet ei framifrå flott musikalsk dramatisering.

Sett bort ifrå dette, er den einaste erfaringa eg har med grunnskulen den erfaringa eg tilegna meg gjennom ni år bak skulepulten. Difor er eg no spent på å få eit lite innblikk i korleis skulekvardagen utartar seg, sett frå "den andre sia". På førehand har eg prøvd å gjere meg nokre tankar om kva eg kan venta meg, samt kva førebuingar eg sjølv kan gjera for å få best mogleg utbyte av denne fyrste praksis veka. Eg har sjølv mange tankar rundt korleis eg sjølv vil verta som lærar, men i den pedagogiske verda er eg kun å rekna som kalv, kan hende ikkje det eingong. Grunna mi manglande pedagogiske erfaring trur eg det er viktig for mi eiga læring at eg så godt det lar seg gjera legg frå meg mine eigne meiningar heime på frukostbordet, og verkeleg opnar sinnet for nye inntrykk. Med det meiner eg ikkje at eg skal la meg forma som eit såpestykkje, den kognitive evna me menneske innehar er jo tross alt noko av det viktigaste som gjer oss til det menneske me er. Men at eg går denne praksisperioden i møte med eit ope sinn trur eg er essensielt for at både eg og andre, både elevar, studentar og lærarar skal få best mogleg utbyte av denne veka. Elles tykkjer eg at me i klassa har utarbeidd ein strålande forventningsplan som er verdt å vektleggje, dersom eg tek utgangspunkt i denne plana og klarar å fylgje den, ligg alt til rette for læring.

1 kommentar:

Steinar sa...

Hei!
Det høyrest ut som du absolutt er klar for å gå ut å gjere observasjonar frå andre sida av kateteret. Lukke til!