torsdag 4. september 2008

Kvifor akkurat lærar?

Yrkesvalet har for meg vore ein lang og svingete veg. Eg har opp gjennom åra vore meir eller mindre innom mange forskjellige yrke. Det at eg til slutt valde å byrja på lærarskulen er det, som for dei fleste andre, mange grunnar til. Båe foreldra mine er lærarar, eg har frå barndomen av vorte konfrontert med mange og ulike utfordringar i forbindelse med jobben deira, både av fagleg og privat karakter. Eg har såleis allereie i ung alder danna meg eit bilete av korleis kvardagen for ein lærar utarta seg. Det var difor klart for meg; at lærar, det skulle det ikkje bli av meg.
I dei seinare år, etter ein smakebit av diverse andre yrke, stod det klarare og klarare for meg at kvardagen for ein lærar kanskje ikkje var så fjern likevel. No ser eg fram til det eg trur og håpar vert ein variert og utfordrande kvardag, både i studietida og når eg endeleg er ferdig utdanna lærar.
Eg likar veldig godt å arbeida med menneske, og spesielt born, sjølv om eg nok kjenner at min plass ikkje er blant dei aller minste, men heller hjå dei ein kan kalla ”ungdom”. Eg ser òg for meg at ein skule er ein dynamisk arbeidsplass, det er noko eg sjølv set stor pris på. ”Forandring fryder” heiter det seg, for meg er det særs viktig at det både er og vert sett krav til utvikling. Å arbeida som lærar vil eg tru inneber mange forskjellige utfordringar, det å forhalda seg til så mange forskjellige menneske ”samstundes”, til dømes elevar, foreldre og lærarar, verka på meg utruleg spanande. Ein av dei aller viktigaste grunnane til at eg i dag er lærarstudent er akkurat den kontakten eg (forhåpentlegvis) får med elevane. Det å føla at ein verkeleg er til hjelp for eit anna menneske er noko heilt spesielt, lærarrolla er for mange unge i dag særs viktig, ikkje berre for å lære lesing og skriving.

Lærarrolla i dag

Som nemnd i dei fleste pedagogikk timar så langt, er ikkje læraren si oppgåve eine og åleine fagleg undervisning, i dagens samfunn tek læraren i større og større grad over foreldreansvaret, oppdragarrolla. Læraren vil, og skal alltid etter mi meining, ha ei stor rolle i oppdraginga av born, men vegen vi går i dag er ein farleg veg å gå. I enkelte tilfelle kan det verka som om foreldra heilt eller delvis har fråskrive seg ansvaret for borna deira. Kan vi vente oss at ein lærar som allereie har for mykje å fylle kvardagen med, skal ta på seg dette ansvaret og gjere ein god jobb? Eg tykkjer at alle er tent med å snu denne trenden, det må atter ein gong forventast at foreldre skal ta meir ansvar for borna sine. Samstundes som eg ser dette som eit problem, ser eg òg at dette er ein del av læraren sin kvardag. Å ta del i og påverka oppveksten til eit menneske er nok både utfordrande og spanande.

2 kommentarer:

Steinar sa...

Hei! Det å ha to lærarforeldre kan vere eit flott utgangspunkt for interessante familiære pedagogiske debattar.......

Elles så er det interessant at du meiner skulen har fått for stort oppdragaransvar i dag, kva kan me/skulen/samfunnet gjere for å få foreldra tilbake på bana?

Just Ludvig Arnevik sa...

Søndagsmiddagen har dei siste åra vore prega av debattar med høg takhøgde, med både pedagogiske og andre ikkje fullt så pedagogiske emne. Når eg kjenner etter har nok desse søndagsmiddagane bidrege med sitt til å vekkja den "pedagogiske gløden" i meg.

Eg trur skulen, og samfunnet elles må verta flinkare til å setja klare grenser for kva som er akseptabel atferd. Eit lite born som kjem på skulen utan at foreldra har teke ansvar for mat til bornet, verken frukost eller lunsj, dette er etter mitt syn ikkje akseptabel atferd. Dersom me vel å tru på Maslow's behovspyramide vil me som pedagogar få store problem med å inspirera bornet til læring sidan dei fysiologiske behova ikkje er tilfredstilit. Èg vil jo tru at dei færraste av oss i dag tykkjer det er akseptabelt ikkje å lage mat til borna sine, men kva vert gjort med dette idag? Dette er berre eitt problem av mange, men eg trur at måten samfunnet og skulen er istand til å takle dette og liknande problem ikkje er gode nok slik det er idag. Eg trur det må grunnleggjande haldningsendringar til i dagens samfunn, me må få fokus tilbake til det samfunnet består av, nemleg individa. Alle individa som eitt, ikkje berre det einskilde.