fredag 29. august 2008

Ein lærar eg hugsar godt

Når eg tenkjer på tida mi på barneskulen og lærarane mine der, er det spesielt ein lærar eg hugsar godt. Eg hadde ho som klasseforstandar i fleire år, ho kom frå Bergen og hadde bein i nasa. Ho var av den røykjande sporty typen. Den typen som kunne springja ei mil, for så å feira det heile med ein velfortent røyk. Å få tak i ho når ho ikkje var i klassa var verdas enklaste sak, då sat ho som oftast i røykjerommet på lærarværelset. Om det var dårleg samvit etter all røykjinga veit eg ikkje, men ho hadde òg for vane å anten springja eller sykla til skulen, og eg er slett ikkje sikker på om det alltid vart tid til ein dusj før skulen tok til. Det var kan hende ekstra lett å kjenne dette sidan ho nok hadde ein voldsom kjærleik for kvitlauk, det verka mest som ho åt kvitlauk til frukost, middag og kvelds.

Men det er hverken røykjelukt eller kvitlaukslukt som gjer at eg hugsar akkurat denne læraren så godt. Det eg hugsar aller best med ho var den utruleg energiske veremåten hennar, ho var ein einaste stor energiklump. Det viste att i undervisinga, ho ville verkeleg læra oss alt det ho makta og helst endå litt til. Dette ga utslag i tidvis uortodokse læringsmåtar, "learning by doing" er nok ei velkjend frase for henne. Ein engelsktime eg hugsar mest som det var i går skil seg ut, ho skulle læra oss om bruken av -ing form i engelsk, då ho plutseleg spratt opp på kateteret og hoppa opp og ned medan ho skrik "I am jumping on the table," for så, minst like energisk; ile bort til vasken og ropar ut "I am washing my hair in the sink." Og ja, du gjetta riktig, etterfølgt av ein fysisk demonstrasjon. Om denne timen har vore utslagsgjevande for den kunnskapen eg i dag innehar om engelsk -ing form er eg ikkje sikker på.

Eg minnast òg temperamentet hennar. Som oftast var ho blid og munter som dagen er lang, ho var òg ein av dei lærarane som godt tålte ein spøk og to. Men det kom eit punkt der ting ikkje var morosamt lenger, det visste ho å gje utrykk for. Kommentarar som "e du gått helt opp i limingen" og "e du heeelt tullerusk" flagra formeleg om øyrene på oss, kanskje spesielt på oss gutar, som jo tradisjonelt finn på meir ugagn enn jentene. Akkurat dette skein gjennom i terminologien ho nytta når ho tittelerte gutane og jentene. Det kvinnelege kjønn vart brått omgjort til roser på ei eng, engleungar og utsprungne tulipanar. Medan gutane måtte slita seg gjennom kvardagen med kallenamn som til dømes pipestelkjar, rabbagastar og bråkebøtter.

Til tross for kallenamna, overdrive inntak av kvitlauk og sigarettrøyk var dette ein lærar me alle sette stor pris på.

3 kommentarer:

Steinar sa...

Ja, dette var verkeleg ein spesiell lærar. Skjønar god at ho har gjort inntrykk. Her er det interessant at me alle "har noko å gå på", me treng ikkje vere perfekte i alt for å bli gode lærarar. Kva trur du er dei viktigaste grunnane til at de sette pris på henne trass i alle kallenamna, kvitlauken og røyken?

Just Ludvig Arnevik sa...

Ja, ein kan trygt seie at dette var ein spesiell lærar. Det gode humøret hennar kan vera noko av grunnen til at eg sette så stor pris på henne. Sjølv om ho i det eine øyeblikket freste ut kallenamn, var me alle (trur og håpar eg) sikre på at ho i det neste viste forståing og respekt for den einskilde eleven.
Blant anna ved hjelp av alle kallenamna og hoppinga på kateteret i ein ellers fagleg prega kvardag, lukkast ho å skape ein god atmosfære i klassa. Ho tok rolla si som lærar, og alt det inneber, på alvor. Det var like naturleg for oss å spørja henne om eit personleg spørsmål, som eit av ein meir fagleg karakter. Som nemnt i ped. timen tidlegare idag, var ho ikkje berre ein lærar for oss, men òg eit medmenneske.

Steinar sa...

he he, kanskje det er fleire som bør leggje seg i hardtrening med tanke på kateterhopp......du kjem nok aldri til å gløyme henne.....