mandag 2. mars 2009

Vurdering for læring?

Mange skular rundt oss i dag deltek i ”vurdering for læring” prosjektet, me skal sjølve delta i prosjektet den komande praksisperioden. Slik eg forstår det, og sagt med korte ord, går ein stor del av dette prosjektet ut på korleis ein best kan gje tilbakemeldingar til elevane for å fremja læring. Såleis gjekk det til at begrepet ”framovermelding” såg dagens lys. Ein skal altså ikkje berre gje tilbakemeldingar til eleven om korleis arbeidet han har gjort, men også i større grad om korleis dette arbeidet, samt framtidig arbeid kan bli betre.

Dette høyres ut som ein god måte å betra eleven si utvikling, ikkje berre forklare eleven kva han eller ho gjorde feil, men òg forklare dei korleis dei kan gjera det betre.
Men, er ikkje dette noko lærarar har praktisert ei stund? Eg kan i alle høve hugse døme frå eigen skulegang, der læraren gjer ros, og samstundes oppmodar om å gjere enkelte ting annleis. Minnar ikkje dette om dagens framovermelding? Eg tvilar òg på at eg er aleine om å ha slike erfaringar frå tidlegare dagar i skulen. Då kan ein jo spørje seg kvifor ein i dag nyttar tid og ressursar på å fremje arbeidsmetodar som allereie er kjent i den norske lærarstaben? Ein kan òg spørje seg om det ikkje fell seg naturleg å påpeike/oppmuntre eleven om å utbetra eventuelle feil i framtida? Er ikkje dette ein vesentleg faktor som må vere på plass dersom læring skal ta stad? At læring skal ta stad har tross alt vore eit mål i skulen, heilt sidan byrjinga.

Sjølv om det no verkar som eg set eit noko negativt lys på dette prosjektet, ser eg òg at det får positive fylgjer. Ein får gjennomgåande betre kunnskap om vurdering, noko som jo alltid vil vera aktuelt i skulesamanheng. Dette bidreg vidare til at ein byggjer seg ein metaspråk, som vil forenkle kommunikasjon pedagogar imellom. Ein set òg fokus på at framovermelding, ei handling eg meiner har eksistert lenge, men som nyleg vart namngjeve, er ein vesentleg faktor for at læring skal gå føre seg best mogleg.

Som med så mykje anna har eg også i dette tilfellet tru på at ein gyllen middelveg kan vera beste måte å gå fram på. Dette prosjektet set fokus på viktige ting, det er ikkje tvil om, men eg trur at dersom ein konsekvent gjer nokon framovermelding om at ting kan bli betre, kan det lett gå utover motivasjon så vel som sjølvbilete. Kva med vesle Bernt som er strålande nøgd med teikningane sine, men læraren gir konsekvent tilbakemelding om at her er det betringspotensiale? Det kan vera vel og bra, men somme tider er det kan hende berre eit lite ”flott Bernt”, som skal til for at Bernt får ei meistringskjensle?

5 kommentarer:

Unknown sa...

Hei Just!

Flott innlegg! Jeg vil spesielt trekke frem at du har stillt noen kritiske spørsmål som jeg må si meg helt enig i. Dette med "framovermelding" har eksistert ivertfall siden jeg gikk på barneskolen. Det er et godt poeng i det du sier, om at dersom det ikke ble gitt beskjed om hva eleven måtte jobbe med, ville det ikke føre til læring.
Det er ikke mye jeg savner i dette innlegget, men det kunne vært kjekt å vite hvordan du ville bruke vurdering for læring i skolen?

Steinar sa...

Flott at du trekkjer fram dette perspektivet, Just! Eg har venta på det lenge, men ingen har fokusert på det, før no.

Kva årsaker trur du kan liggje bak det?

Eit enkeltståande "Flott!" inneheld også informasjon, gjer det ikkje?

Sissel S.G. sa...

Hei, Just. Kjekt innlegg, og eg er enig med deg i at ein kan oppleve at no skal "hjulet finnast opp på nytt". Til og med eg hugsar at eg fekk framovermeldingar på skulen, sjølv om det er 100 år siden...
Veldig viktig poeng du får fram med Bernt: me skal ikkje alltid kreva forbetringar!

Just Ludvig Arnevik sa...

Hei Jan Even, Steinar og Sissel. Takk for flotte svar! :)
Orsak den forseinka tilbakemeldinga.
Det var godt å høyra at eg ikkje er aleine om å tenkja at ”dette er gamalt nytt”. Når du spør om korleis eg vil nytta vurdering for læring i skulen tenkjer eg på ”two stars and a wish” prinsippet. I løpet av denne praksisperioden har eg fått høve til å teste denne ut i praksis. Etter no å ha vore både den som mottek tilbakemelding på denne måten, samt den som gir tilbakemelding på denne måten, stussar eg litt på prinsippet. For min eigen del kan eg konstatera at den verkar noko demotiverande. Eg veit jo at eg kjem til å få ros for arbeidet mitt, kva er då vitsen med å gjera seg flid? Uansett kjem eg til å få ”two stars and a wish”! Eg tykkjer altså at ros misser litt av verknaden. Kan hende er dette eit prisnipp som berre må nyttast sporadisk? Slik at eventuelle mottakarar ikkje er merksame på at det kjem til å få ”two stars and a wish”?
Ei årsak til at ingen har fokusert på dette tidlegare kan vera at me alle kjenner oss igjen i det som har blitt sagt, og ikkje minst at me er samde i det. Utan at me eigentleg reflekterar noko særleg meir rundt kva til dømes ei ”framovermelding” er i røynda? Vidare er eg heilt samd med deg Steinar, ”flott” inneheld mykje informasjon, hovudsakleg at noko faktisk er flott!

Steinar sa...

Flott:-)