mandag 16. mars 2009

Homo ludens

Egil er namnet på blomen min. Han er grøn. Nokre stader er han gul òg. Han er litt som ein kameleon. Når han er tørst, då endrar han ganske enkelt farge på blada, det hender òg at han heng litt med nebbet. Då tek eg han med inn i dusjen, og let han stå der nokre timar. Det trur eg Egil tykkjer er særs flott. Då vert han så grøn og fin, og han struttar glad og fornøgd med blada.

Egil er fem år og ganske beskjeden, han seier ikkje stort. Egil har vore med på litt av kvart. Opphavleg var det eg og ein kamerat som kjøpte Egil, han kosta tre hundre og nitti kroner på Rimi. Me hadde nett flytta inn i eit hus ilag, og me måtte ha ein blom, det vart Egil. På den tida røykte både eg og kameraten min, det gjorde nesten alle andre me kjende òg. Ein kan altså trygt seia at det vart ein del røyking i dette huset, rett føre nasen på Egil. Men Egil sa ikkje eitt ord, han var like nøgd. Då me seinare flytta ut av dette huset, var det eg som fekk ”foreldreretten” over Egil. Etter ei tid i eit røykfritt miljø verka det mest som om Egil hadde abstinensar, same kor mykje me prata og kosa med han verka det som han sakte men sikkert visna hen. Heilt til han ein dag stod der og strutta med blada, like grøn og nøgd som før. Og sidan har me levd lukkeleg alle våre dagar.

”Aktivitet for moro skyld, fysisk eller psykisk aktivitet som ikke synes å ha noe (eksplisitt) mål utover seg selv”. Slik definerar Store Norske Leksikon ”leik”. Dette er i stor grad ein definisjon eg kjenner meg heime i. Eg har alltid vore av den oppfatninga at alt me gjer ikkje nødvendigvis treng ha noko mål og meining, sjølv om det kanskje kan argumenterast mot at med ei slik haldning kan handlinga meir eller mindre gjennomførast med akkurat det målet at det verken har mål eller meining, og då får det jo plutseleg det.

Ordkløyveri sett til side, eg har i eit tidlegare innlegg skrive om kreativitet som hjernens beste ven. Kort fortalt skriv eg der om ein sommardag der ein ide om paragliding (den typen ein gjer etter ein båt) vart sett ut i live. Paraglidaren vart konstruert med gamle presseningar, stropper og tau. Med andre ord var dette eit prosjekt me alle visste kom til å verta vanskeleg å få opp i lufta. Det var heller aldri målet. I tråd med SNL sin definisjon av leik, var det underliggjande målet leik og moro.

Dette er noko av det eg trur kjenneteiknar homo ludens (det leikande menneske). Evna til å gjera noko utan anna mål og meining enn at det skal vera morosamt. Det trur eg er med å stimulera hjernen til kreativ tenking, og slik den nye læreplanen fokuserar meir enn tidlegare på induktiv undervising, vert det berre viktigare og viktigare å finne betre måtar å stimulera elevane til å tenkja kreativt. Såleis trur eg den generasjonen som veks opp i dagens høgteknologiske samfunn har det vanskelegare enn nokosinne med tanke på kreativ stimuli. Berre sidan eg vaks opp har det forandra seg mykje. Me var vande med å sysselsetja oss sjølve, Amiga og Commodore, som var dåtidas svar på Playstation og Nintendo, var ikkje på langt nær så tilstades i vår kvardag som den er i unges kvardag i dag. Me var mykje ute, me hang ofte i eit tre og bygde hytte, . i alle høve noko me likte å kalla hytte, men i røynda hamra me berre opp i trea det beste me fekk tak i. Hang me ikkje dinglande i eit tre så leika me gøyma og telja, cowboy og indianar osb. Me var vande med å tenkja kreativt. Slik har eg inntrykk av at dagens unge er hemma av alle ”dataspela”. Det kan vera vel og bra at dei i tidleg alder får god erfaring med data, men i alle desse spela ligg det mange begrensingar. Dette har eg sjølv opplevd gjennom mi magre erfaring med dataspel, det er veldig mange moglegheiter som vert avgrensa av spelet ”drivar” (eller kva det no heiter), til dømes er det ofte eit særs avgrensa område ein kan bevega seg på, vidare er det også mange begrensingar på andre liknande ting. Dette er ting eg meiner er med å ”sløkkje” den kreative tanken hjå unge i dag, grunna den relativt låste ”løypa” ulike dataspel byr på i dag, misser kan hende ein del evna til å tenkje i ”nye” banar?

Til slutt vil eg gå attende til innleiinga, der eg skriv om Egil. Egil er ein blom eg godt kan snakke med, ikkje av di eg trur han høyrer meg, men av di eg veit at han forstår. Slik eg ser det kan eg då prata med Egil om kva det måtte vera, sidan eg eigentleg pratar med meg sjølv!? Eg meiner ikkje med dette at å konversere med ein blom fostrar kreative tankar, eg meiner vel heller at det er eit representativt døme på noko av det eg ser på som viktigast for å kunna tenkja kreativt, nemleg å bryta med samfunnets konvensjonar, som til dømes at det ikkje er noko vits å prata med blomar, sidan dei ikkje svarar deg.

4 kommentarer:

Ingunn Marie sa...

Hei Just!

Jeg likte å lese om det du har skrevet om lek og læring, siden jeg ikke har skrevet om det i min blogg! da får jeg litt repetisjon fra timene samtidig som jeg får innblikk i hvordan du opplever lek og læring i skolen.

Du kommer med et godt eksempel her hvor planten din er med på at du bryter med samfunnets konvensjonar og tenker kreativt.

Du skriver at lek ikke nødvendigvis trenger å ha noe mål og mening, men hva tenker du om lek i skolen som en måte å lære på?

Just Ludvig Arnevik sa...

Hei Ingunn, og takk for svar.

Den leiken eg ser på som ”utan mål og meining”, er den leiken eg trur i stor grad bidreg til utviklinga av vår kreative tanke. Vidare ser eg på leik i meir kontrollerte former i skulen som ein glimrande metode for læring. Eg hugsar endå ein gong for mange år sidan i noko eg trur må ha vore ein samfunnsfag time. Tema for timen var nok ”u-land problematikk” eller noko liknande. Klassen vår vart delt opp i u-land og i-land, oppgåva var enkel. Me skulle produsera ulike gjenstandar, til dømes firkantar og sirklar, klyppa ut får eit ark. Problema var jo sjølvsagt at i-landa hadde alle saksene, samt alle måleinstrumenta og liknande. Dei hadde kort sagt alle føresetnader for å løyse oppgåva raskt og effektivt. Slik fekk eg ”kjenne på kroppen” skilnaden mellom u-land og i-land. Dette dømet ser eg på som eit flott eksempel på korleis ein kan oppnår læring ved hjelp av leik i skulen.

Ingunn Marie sa...

hei Just!
ja er helt enig med deg at lek kan være med på å bidra til læring i mange situasjoner i skolen.

Jeg har også opplevd en del ganger opp gjennom årene at vi har lært gjennom forskjellige leker;)

Steinar sa...

Eg trur du har heilt rett i at det er viktig å tenkja ukonvensjonelt, utanom "boksen", faktisk heilt naudsynt for å komma vidare.

Leik er utan tvil eit godt middel for å få dette til, og då er det ganske trist at mange avviser denne "teknikken" som "barnsleg" og "tull" i utgangspunktet. Derfor er det flott at du poengterer dette!

Har du nokre idear til korleis du kan arbeide leikande og ukonvensjonelt i klasserommet?