mandag 16. februar 2009

Betre sjølvbilete=betre prestasjon?

Korleis kan skulen på best mogleg måte bidra til å skapa betre sjølvbilete hjå elevane, og dermed betra prestasjonane deira? Er det i det heile samanheng mellom sjølvbilete og prestasjon?

Dette er kan hende ein noko ambisiøs problemstilling i eit lite blogginnlegg, men eg er sjølv ein av mange som er av den oppfatninga at sjølvbiletet vårt er ein sentral faktor i kva me menneske gjer, og korleis me gjer det. Bak alt frå den minste handling til dei meir gjennomtenkte vala ein gjer i livet, spelar måten me ser oss sjølve ei stor rolle. Her vil eg dra inn forsøket til Rosenthal, gjennomført i førre århundre. Resultatet av dette forsøket viste at dei elevane lærarane vart fortalde kom til å gjera det godt i framtida, faktisk gjorde det godt, dette var ei vilkårleg vald gruppe. Kvifor vart det slik? Truleg vart det slik grunna læraranes høg(are)e forventningar til dei aktuelle elevane, om dette ga utslag i at dei fekk undervisinga betre tilpassa seg sjølve, eller meir og betre hjelp frå læraren, eller om lærarane enkelt og greitt ga dei betre karakterar utan noko anna grunnlag enn ein forventning om betre prestasjon? I alle høve ser ein at forventinga står i fokus. Høgare forventningar til elevprestasjon, resulterte i høgare elevprestasjon.

Dersom ein (anteke)signifikant andre si forventning til eit individ gir resultat av denne karakteren, er det slik eg ser det stor grunn til å tru at eins eigne forventingar vil gi endå betre resultat. Betre sjølvbilete gjer altså betre prestasjon. Dersom ein tek utgangspunkt i dette, vert det viktig å setje fokus på å betra eleven sitt sjølvbilete. Diverre trur eg at dei aller fleste borna allereie har forma sitt sjølvbilete når dei kjem i skulealder, ut frå dei erfaringane dei har gjort seg i heimen og med vener. Såleis vert skulen sin jobb særs vanskeleg, å forandre eit allereie etablert sjølvbilete trur eg i dei aller fleste tilfelle er ein vanskeleg jobb. Men det er klart at det er framleis mange tiltak ein kan ta i dagens skule, sjølv om det er vanskeleg å endre eit sjølvbilete vil ikkje det seia at ein ikkje skal prøve, forhåpentlegvis vil ein ofte lukkast. Dagens læreplan (LK06) set vurdering i eit anna lys enn tidlegare, det er nå fokus på framovermeldingar, i staden for tilbakemeldingar. Dette trur eg er med å skape elevar med betre kjennskap til dei forventningar og mål som vert sett til dei, såleis trur eg elevane vil prestera betre, noko som igjen burde bidra til å betra sjølvbilete den enkelte eleven har. Ved hjelp av framovermeldingar kjem òg fokus på framtida, ikkje fortida.
Dagens pedagogar har i dag ein utfordrande kvardag, til forskjell frå den greske oldtidas pedagogar, som klarte seg med å fylgje borna til og frå skulen.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hei
Eit flott blogginnlegg…fordi du har tatt opp eit særs viktig og interessant tema knytt til LK06 og dei siste undervisnings dagane. Tenkte sjølv på dette med forventningar i etterkant av norsk-ped prosjektet. Trur sjølv at det er ein positiv faktor i framovermeldingane.
Elles syns eg det var kjekt å få døme på forsøk knytt til temaet og korleis dei forskjellige syna og oppgåvene var før og er no.
Mitt ynskje er at du kunne til dømes forklart kva ein anteke signifikant er. Med andre ord at dersom du nyttar begrip, så kan du godt forklare kva dei inneber.

Steinar sa...

Her tar du opp eit svært interessant og aktuelt tema, ikkje minst i desse VM-tider. Samanhengen mellom sjølvbilete og prestasjon er heilt klart der, men som du skriv, ofte vanskeleg å gjere noko med.

Når trur du sjølvbiletet blir "spikra" og i kvar grad kan me i skulen utvida/forsterka elevane sitt sjølvbilde? Og kva kan me konkret gjere for å få dette til?

Eg veit at dette er vanskelege spørsmål, som eg ikkje har noko fasitsvar på sjølv, men du får med dette utfordringa:-)

Just Ludvig Arnevik sa...

Takk for tilbakemeldinga Jan Egil. Det eg legg i begrepet ”signifikant andre”, er når ein persons meiningar om eins eigne handlingar og person vert vektlagd når ein skal gjere ulike val. Når eg skriv ein anteke signifikant andre, meinar eg ikkje anna enn at antek at lærarane i Rosenthal’s prosjekt er ein signifikant andre for dei gjeldande elevane.

Steinar, dette er som du skriv vanskelege spørsmål. Eg trur ruta LK06 har lagt er rette vegen å gå, i alle høve med tanke på vurderingsbiten, og at ”hemmeligheten” ligg i TPO. At kvar einskild elev må oppleva å verta sett krav til, krav som er akkurat så ambisiøse at vedkomande ”rekk” dei. Mao meiner eg at nøkkelen til å betra elevanes sjølvbilete litt i meistringskjensla, elevane må føle at dei meistrar. Dette gjeld også utover det faglege, skulen må vera med å tilretteleggja for at elevane kan ”blomstra” både fagleg og sosialt. Den sosiale biten tykkjer eg det er vanskelegare å koma med konkrete løysingsforslag, men ordningar som til dømes dagens fadderordning trur eg bidreg til å skapa sosial kompetanse hjå elevane. Vidare kan ei mogleg ”løysing” vera å fokusera meir på gruppearbeid, og korleis gruppearbeid vert gjennomført i skulen i dag. Tidlegare har me diskutert ”snyltarar” i gruppearbeid, og korleis ein kan kome det problemet til livs. Eg trur absolutt nokre av løysingsforslaga der, også kan bidra til å utvikla elevane sosialt. Spesielt dette med å involvere elevane meir i beslutningar om kva som må til, og korleis gruppa skal fungera.

Steinar sa...

Det var eit godt svar på eit vanskeleg spørsmål!