Då var tida der då me snart skal ta til med eit nytt semester i A1. Bak oss ligg nyårsrakettar utan styrepinnar, pinnekjøt og eit heilt semester med pedagogikk og blogging.
Blogginga har for meg vore ein flott måte å betre forstå det lærestoffet me går gjennom i timane. Ikkje berre ved at eg sjølv skriv blogg, og på den måten vert nøydd for å seje meg inn i det eg skal skrive om, men kvar veke vert 40 nye og ulike innlegg publisert. I desse innlegga vert det kvar veke skrive mykje interessant, og ved fleire høve enn eitt har eg henta inspirasjon frå eitt eller fleire av innlegga. Interessante tema og spørsmål vert hyppig bragt på bane, ofte vert det diskusjonar i klassa òg. Slik eg forstår det skal det bli rutine å ta opp enkelte innlegg kvar veke, det kan vera ein fin måte for oss å halde saklege diskusjonar, samt øve oss på "framovermelding" munnleg. Dette er jo absolutt ein sentral og positiv del av blogg skrivinga vår, dette at me skal kommentere og øve oss på framovermelding.
Etter endt lærarutdanning vert det spanande å sjå attende på 2 år med blogging i pedagogikkfaget, der ein forhåpentlegvis kan spora utvikling og progresjon.
For egen del gjer blogginga meg meir engasjert i pedagogikkfaget, og eg ser fram til eit semester til med blogging.
mandag 5. januar 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Hei! Håpar du får rett i det du skriv! Lukke til vidare med blogginga!
Legg inn en kommentar